Dag og Tid er ei nynorsk vekeavis om kultur og politikk. Avisa er i vekst og i 2016 kom opplaget for fyrste gong over 11.000. Avisa fekk Fritt Ords pris for 2017. Avisa held til i Pilestredet 8 i Oslo.

Vi har no ledig stilling som MARKNADSANSVARLEG

Du som vert tilsett, vil få ansvaret for all marknadsføring av avisa. Vi vil leggja særleg vekt på at du har kompetanse og erfaring med marknadsføring i sosiale media.
Vi tilbyr gode løns- og pensjonsvilkår. Arbeidstida vil vere fleksibel, og det kan avtalast at deler av denne kan leggjast til heimekontor.
Spørsmål om stillinga kan rettast til marknads- og kontorsjef Ola Relling på ola@dagogtid.no eller 926 21 453. Søknadsfrist (til den same e-postadressa) er 1. desember 2017. Vi ber spesielt om at du opplyser kva for digitale plattformer du har arbeidd med og kva resultat du kan vise til.



Om arbeidsgiveren

Dag og Tid AS gjev ut vekeavisa Dag og Tid, som er den einaste riksdekkjande nynorskavisa. Fyrste prøvenummeret kom ut i 1962. Selskapet driv òg forlagsverksemd i mindre omfang. Avisa er i vekst, og i 2016 vart det godkjende opplaget 11.174. Dag og Tid er politisk sjølvstendig, men med ein klår motstraums og målpolitisk profil. Ho legg vekt på stoff om kultur og politikk, og gjev plass for innlegg og artiklar som dekkjer eit breitt spekter av samfunnsoppfatningar. Eigarskapen er spreidd på nær 1000 aksjonærar. Kjende namn i avisa opp gjennom historia har mellom anna vore Herbjørn Sørebø, Ivar Eskeland, Per Øyvind Heradstveit, Daniel Liseth, Olav Rytter, Jon Hustad og Agnes Ravatn.


Se flere ledige stillinger her