Fra arkivet

September 1997

Publisert
Tvisyn

Ildsjel på bærtur

I Lakselv ligg verdas nordlegaste vinslott. Eigentleg er det ikkje noko slott. Det er ei firkanta kasse i beste 70-talsstil med bank i eine enden og ein garasje i andre. I garasjen har Øyvind Finne satsa alt han eig og litt til for å laga vin av dei største ressursane i traktene; blåbær, krekling og molte. Ein god idé, ikkje sant?

Vinen er god, og den vesle verksemda skapar litt liv i ei ikkje altfor bortskjemd lita bygd i Finnmark. Og når profilen med eksotiske bær og flott arktisk innpakning appellerar så sterkt til utlendingar, skulle ein tru at alle var nøgde.

Men eg kan lova deg at det at vinen i det heile teke har kome på flasker, er eit under og skuldast rett og slett at Øyvind Finne er ein skikkeleg stabeis.

I landet vårt er det omtrent umogeleg å få løyve til å servera folk eit glas med noko sterkt. Å produsera alkohol er i utgangspunktet heilt utenkeleg. Festtalar om små verksemder ute i distrikta gjeld berre dersom dei små verksemdene lagar plastkorkar eller støtfangarar. Lagar du mjølk og vil selja det på garden din, får du Landbruksdepartementet på nakken. Vil du leva av turisme og aktivitetar, må du innom eit byråkrati i ein motbakke det er vanskeleg å forestilla seg.

Øyvind Finne burda ha stengt heile sjappa for lenge sidan, iallfall av økonomiske årsaker. Men det har gått ein liten djevel i han. Han skal, om ikkje anna enn for komande slekter, visa at det er håp. Vanskane er slett ikkje på det store prinsipielle planet. Det er dei små hindera som skapar den store utfordringa.

Ei tid var det berre pappen i emballasjen som var norsk. Flaskene fekk Finne ikkje lov å kjøpa i Norge. Blåbæra var det berre polakkar som ville plukka, og dei har norske styresmakter erklært uønska. Sjølv om heile vidda er full av blåbær, kom desse, som det vart nydeleg vin av, frå Sverige.

Finne har vorte nemnd i ein tysk reiseguide som ein av attraksjonane i Finnmark. Det medfører at haugar med tyskspråklege turistar kjem innom. Av helsemessige årsaker kan ikkje turistar som valfartar til den vesle vinprodusenten i Lakselv få lov til å kjøpa naturproduktet. Av helsemessige årsaker får dei lov til å kjøpa dei same flaskene på polet i Hammerfest to timar unna.

Problemet er berre at pola både her og der ikkje gidd å ta vinen inn som lagervare. Den må bestillast. Og skal du heimatt til TravemØnde, så gidd du kanskje venta så lenge utafor polet i Alta.

Men polet importerar og lagrer tonnevis med druesafter frå Bulgaria, New Zealand og Ungarn, men gir ikkje ein heilnorsk vinprodusent frå Finnmark ein skikkeleg sjanse.

Eg har smaka på vinen og kan absolutt anbefala årets blåbærvin eller aperitiffen av krøkebær. Spør etter den på polet. Det er ikkje noko Chateau Lafite Rotschild, men det er ein artig og morosam sak å settja på bordet.

Det kjem nok nye hindringar, men Øyvind Finne bit seg fast. Han sel omvisning med smaksprøver for ein femtilapp. Det minskar ikkje lysten på å handla vin, men det gir iallfall nokre tusenlappar i kassa.

Utgangspunktet er heller ikkje så verst sett med historiske auger. I 1194 lyste pave Innocens III vår eigen helt Kong Sverre i bann av mange grunnar, blant anna fordi han lagde vin av krøkebær for å spe på statsinntektene. Dette trua den katolske kyrkja sitt vinmonopol.

Åttehundre år seinare lagar Øyvind Finne vin, aperitiff og andre godsaker av blåbær, multer og - nettopp krøkebær.

No er det heldigvis ikkje pavar som lyser folk i bann lenger. Men det norske byråkratiet er ikkje kome frykteleg mykje lenger.

ARNE HJELTNES

Powered by Labrador CMS