KOMMENTAR

Mange unge bruker NRKs strømmetjeneste uten at det kommer til syne i den offisielle TV-målingen, påpeker TV-sjef Jan Egil Ådland i NRK.

- Freistande å kommentere påstanden om at TV 2 slår NRK i strøymekampen

Nå styrker NRK det digitale barnetilbudet, skriver TV-sjef Jan Egil Ådland.

Publisert Sist oppdatert

Er du småbarnsforelder, er sjansen stor for at du kjenner til Fantorangen, Peppa Gris og Bablo. Innhald for barn er ein heilt sentral del av NRK sitt unike oppdrag. Veldig mange brukar tilbodet vårt, sjølv om det ikkje synest i dei offisielle tv-tala.

NRK skal tilby eit trygt, breidt og inkluderande innhald for det yngste publikummet vårt. Dei er mange, dei er engasjerte og dei forventar kvalitet! Barna er dessutan blant dei mest digitale brukarane våre. Stadig fleire vel det digitale tilbodet vårt, medan den kringkasta sjåinga på NRK3/NRK Super går jamt nedover.

No justerer vi difor tilbodet for å gjere det endå meir attraktivt for dei yngste: Vi gjer NRK Super til ein rein digital kanal i NRK TV og utvidar sendetida utover kvelden. Her får publikum det beste av norsk og internasjonalt barneinnhald frå klokka 06.30 til 21. Dette kjem i tillegg til alt det innhaldet som barna elles kan velge å sjå, når dei vil, i strøymetenesta vår.

På NRK3 blir det, som før, barneinnhald morgon, ettermiddag og tidleg kveld. Men på dagtid vil NRK3 frå no bli brukt til hyggjelege gjensyn med dei norske produksjonane våre, til glede for dei vaksne som framleis ser NRK kringkasta. Samtidig vil publikum merke at også NRK2 gradvis vil bli meir tilpassa dei mest tradisjonelle lineær-sjåarane våre, med godt selskap gjennom dagen og eit alternativ til nyheitsstraumen på NRK1.

For dei fleste andre er det strøyming som gjeld, og marknaden er knalltøff. Kampen står ikkje først og fremst mellom NRK og TV 2, men mellom norske og utanlandske aktørar.

Likevel er det freistande å kommentere påstanden om at TV 2 slår NRK i strøymekampen. Det er ikkje eit mål for NRK å vere størst, men dersom ein reknar med den store bruken blant barna, som ikkje synest i dei offisielle målingane blant dei mellom 10-79, så er vi faktisk marginalt større enn TV 2.

NRK skal halde fram med å tilby publikum det aller beste barneinnhaldet, frå Labyrint og Fantorangen til Peppa Gris og Paw Patrol. Der du vil, når du vil. Justeringane vi gjer no vil forhåpentleg komme mange til gode, både det viktige barnepublikummet og dei trufaste lineær-sjåarane våre.

Powered by Labrador CMS