KOMMENTAR

Ny TV-sjef: Jan Egil Ådland erstattet Arne Helsingen i stillingen som TV-sjef hos NRK. - Vi har mange gode premierer i sikte som jeg håper vil sette fart på bruken av NRK TV, ser han til Kampanje. Foto: Eivor Eriksen

- NRK tek Lotto-saka på alvor

- Det er opp til NRK å bedømme om og kor lenge vi publiserer Lotto-trekninga, skriver TV-sjef Jan Egil Ådland.

Publisert

Det er inga overrasking at talspersonen for den utanlandske spelebransjen ønskjer at NRK stoppar visningane av trekningssendingane frå Norsk Tipping.

Vi er dei første til å sjå at feila frå Norsk Tipping er alvorlege, og sjølvsagt også uheldige for oss som publiserer sendingane. Det er nettopp difor me har bedd om eit informasjonsmøte med Norsk Tipping. Møtet skjer denne månaden og blir ein del av grunnlaget vårt for å vurdere det vidare samarbeidet.

NRK endrar seg i takt med publikum sitt behov, og me gjer stadig endringar i tilbodet. Når Carl Fredrik Stenstrøm påstår at NRK held fram med å «sende Lotto-trekning i beste sendetid som om ingenting er skjedd», har han tydelegvis ikkje fått med seg at det har skjedd store endringar i NRK si publisering av trekningssendingane frå Norsk Tipping. Mellom anna har vi flytta Lotto-trekninga frå NRK1 til NRK2 på laurdagskvelden. Vi har på denne måten valt å behalde eit tilbod for ei lita gruppe (stort sett eldre) som ikkje er like digitale som resten av befolkninga og som ikkje brukar appen, men ønskjer informasjon om trekninga.

Det at me er til stades for små og store grupper i samfunnet, er noko av det som gjer oss til ein truverdig aktør hos publikum. Høg tillit og eit godt omdømme er ein sentral valuta for NRK, og difor målar vi det frå månad til månad. Stenstrøm finn neppe hald for at vi «spelar lotto» med truverdet vårt ved å handtere denne saka på ein profesjonell og grundig måte.

I fjor gjekk det utanlandske online-pengespelselskapet Kindred Group ut mot trekningssendingane til NRK og bad Medietilsynet vurdere om dei var i strid med kringkastingsloven. Direktøren i Medietilsynet, Mari Velsand, var klar i sin tale: Det er ikkje unaturleg at NRK som allmennkringkastar formidlar informasjon om trekningane til publikum. Samstundes var ho tydeleg på at «trekninga må formidlast på ein tillitsskapende og truverdig måte».

At NRK har tillit til trekningsprogramma er sjølvsagt ein føresetnad for publisering. Den tilliten er under press, og blir handtert i vår dialog med Norsk Tipping. Avgjerder rundt framtida for trekningsprogram på NRK vil bli tatt etter ei heilskapleg vurdering frå NRK og ikkje etter press frå den utanlandske spelebransjen.

Powered by Labrador CMS