Norad har vore gjennom ein omfattande omorganiseringsprosess, og nytt organisasjonskart blir implementert frå 1.september 2021. Norads strategi for 2020–2030 er grunnlaget for måla vi skal nå og for arbeidet som blir utført i organisasjonen. 

Stillinga som rådgivar/seniorrådgivar ved Direktørens kontor er ledig hausten 2021.

Rådgivaren skal yte hjelp til Norads direktør i utføringa av oppgåver.

Stillinga er utovervend, vi søker ein organisator og fagperson som kan bidra på ulike område som er sentrale for gjennomføring av Norads samla strategi og samfunnsoppdrag.

Stillinga rapporterer til direktør Bård Vegar Solhjell.


Arbeidsoppgåver

  • Strategisk rådgiving til direktør og leiargruppe.
  • Skrive tekster til ekstern og intern bruk for direktøren.
  • Hjelpe til med å innhente og arbeide med faglege innspel, og utkast til talar og presentasjonar.
  • Bidra med fagleg støtte til Norads direktør innan ulike tema.
  • Bidra i Norads interne og eksterne kommunikasjonsarbeid.
  • Følge opp internasjonale prosessar som krev deltaking frå høgt nivå i organisasjonen.
  • Førebu reiser og ta del i ulike eksterne aktivitetar innan utviklingsområdet.
  • Saman med dei andre medarbeidarane ved Direktørens kontor følge opp leiargruppa og bidra til å sette i verk vedtak, og følge opp strategiar og føringar.
  • Andre oppgåver kan leggast til stillinga ved behov.


Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning og arbeidserfaring.
  • Svært god evne til skriftleg og munnleg framstilling på nynorsk, bokmål og engelsk er ein føresetnad. Vi søker ein god penn som skriv raskt.
  • God innsikt i utviklingsspørsmål og aktørlandskapet rundt. Internasjonal erfaring er ein fordel.
  • God samfunnsforståing.
  • Svært gode IKT-kunnskapar med svært gode brukarferdigheiter i sentrale Office-program.
  • Erfaring frå kontakt med presse.


Personlege eigenskapar

  • Evne til å jobbe strukturert, målretta og sjølvstendig med mange ulike oppgåver.
  • Initiativrik og analytisk.
  • Svært gode samarbeidsevner og evne til å bygge relasjonar.
  • Må tåle høgt tempo.


Det blir vektlagt at søkaren er personleg eigna/skikka.


Vi tilbyr
  • Utfordrande og stimulerande oppgåver i direktørens stab.
  • Svært godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige medarbeidarar.
  • Gode høve til fagleg utvikling.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Moderne og flott kantine og godt utstyrt treningsrom.


Stilling som rådgivar får lønn etter stillingskode 1434 rådgivar i lønnsspenn 51–65 (kr 458 900–586 500), eller stillingskode 1364 seniorrådgivar i lønnsspenn 60–80 (kr 535 200–817 000). Plassering skjer på bakgrunn av kompetanse og erfaring.

Stillinga er fast.

Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen. Vi oppmodar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Elektronisk kopi av vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Søkarar som blir innkalla til intervju må ta med originaldokument.